Det er i dag stila brev til Lærdal kommune ved administrativ skuleleiing og politisk skuleleiing ved formannskapet og kommunestyret. Originaldokumentet finn du her.
Handlingsplan mot mobbing ved Lærdalsøyri skule
Leiar og nestleiar for FAU ved Lærdalsøyri skule, vil syna til vesentlege utfordringar som Lærdal kommune har hatt i høve til skuleelevar sitt psykososiale skulemiljø. Me skal ikkje gå i detalj rundt dette, men kort nemne at desse utfordringane bør vere kjent for både administrativ skuleleiing og politisk nivå. Utfordringar på både system- og individnivå.
Lærdal kommunestyre handsama “Tilstandsrapport for grunnskulen i Lærdal” i møte den 21. juni -12. I kommunestyret si drøfting av saka, vart det frå politikarane særskilt etterlyst ein handlingsplan mot mobbing.
FAU har gjennom mange år prøvd å få til eit større og breiare fokus på eit godt skule og oppvekstmiljø for borna våre sin kvardag. Dei seinaste tre åra har me arbeidt for å få på plass ein funksjonell handlingsplan mot mobbing.
Etter årelange prosessar ser me at me likevel ikkje har lukkast i å aksept for viktigheita av å få på plass eit skriftleg verktøy som kan bidra i det viktige arbeidet mot mobbing. Me skal ikkje spekulere i kva krefter som har gjort seg gjeldande i motstanden for å få på plass ein funksjonell handlingsplan mot mobbing, berre diverre konstantere at desse synes å ha ein karakter som gjer at det synest meiningslaust å engasjere seg som foreldre i brukarorgan som FAU og SU/SMU.
Vedlagte handlingsplan mot mobbing vart samrøystes oversendt FAU og SU/SMU frå den tredje arbeidsgruppa som (gjennom dei seinaste tre åra) har arbeidt med planen. Leiar for arbeidsgruppa var rektor. FAU og SU/SMU har samrøystes godkjent handlingsplanen. Sistnemnte gjennom vedtak med følgjande ordlyd;
Samarbeidsutvalet (SU) og Skulemiljøutvalet (SMU) ved Lærdalsøyri skule godkjenner arbeidsgruppa sin framlagde ”Handlingsplan mot mobbing”, med inntekne endringar.
Som oppfølging av tidlegare politisk etterlysing omkring skulen sitt arbeid mot mobbing, jfr kommunestyret sin handsaming av ’Tilstandsrapport for grunnskulen i Lærdal’ i juni -12, sender SU/SMU planen til Lærdal kommunestyre og ber om at handlingsplanen også vert politisk handsama og vedteken. Dette for ei nærare politisk tydeleggjering av at arbeidet mot mobbing skal ha høgt fokus i skulane i Lærdal kommune.
SU/SMU vonar at handlingsplanen vil bli nytta som eit aktivt reiskap for vidare arbeid og utvikling av gode rutinar og handlingar i vårt felles arbeid for eit best mogleg psykososialt skulemiljø, med trivsel og tryggleik som rettesnor.
Formelt kan brukarorganet SU/SMU ikkje gjera anna enn å gje ein uttale i saka om handlingsplan mot mobbing. I dette tilfelle som godkjenning av arbeidsgruppa sin framlagde handlingsplan.
At handlingsplanen no likevel synest å ikkje bli gjort gjeldande og nytta, framstår som særs underleg og uforståeleg. Dette ut frå at arbeidsgruppa, leia av rektor ved Lærdalsøyri skule, den 23. april oversendte ein ferdig utarbeida handlingsplan som også samrøystes vart godkjent i brukarorgana FAU og SU/SMU.
På fjerde (4) året skal det visstnok no opprettast ei fjerde (4) arbeidsgruppe som skal utarbeide ein ny handlingsplan mot mobbing. Ei arbeidsgruppe med heilt nye medlemmer, jfr at dei ulike representantar for dei ulike brukarorgana som SU/SMU, FAU og elevråd går ut av sine verv ved skuleslutt 20. juni.
For å illustrere den nærast endelause prosessen kring arbeidet med å få etablert ein handlingsplan mot mobbing ved Lærdalsøyri skule gjennom dei seinaste tre åra, har me lagt ved ei A-4 side som datofestar dei vesentlegaste hendingane i prosessen. Alle med link til gjeldande dokument og vedtak som er omtalt.
På vegne av foreldra ved Lærdalsøyri skule, og våre elevar, ber me no om at det vert synt klokskap frå vår nye kultur- og oppvekstleiar i saka. Dette gjennom at det vert sytt for at utarbeida handlingsplan mot mobbing vert tatt i bruk slik den i dag er godkjent og ligg føre. Om det skulle vere feil eller vesentlege manglar ved planen, så bør dette kunne rettast opp administrativt. Dessutan er det lagt opp til årvis evaluering og godkjenning av handlingsplanen i SU/SMU, jfr pkt 4.4.
Me ber såleis om at godkjent Handlingsplan mot mobbing for Lærdalsøyri skule vert tatt i bruk og lagt fram til politisk handsaming i Lærdal kommunestyre den 20. juni, i tråd med vedtak frå SU/SMU av 11. mars -13 og 13. mai -13.
Lærdal, den 16. mai 2013
Med helsing
Hadle Blikra
leiar FAU og nestleiar SU/SMU
Øyvind Hamre
leiar SU/SMU og nestleiar FAU