I samband med at kommunen i desse dagar har besøk frå Jeriko, inviterte rektor leiarane for FAU og SU til å delta på skulebesøket med besøkande frå Jeriko. Me møtte Zeinah og Mousa som begge synte stor interesse for skulen vår og for det norske skulesystemet.
Rektor gav oss omvisning på skulen og me fekk helsa på fleire klassetrinn. Me vart alle imponert over danseglade elevar i 6. klasse som synte fram folkedans og elevar i 5. klasse som sang og spelte for oss. I småskulen orienterte Ingebjørg litt om Zippys vener, og gjestene synte stor interesse for korleis skulen praktisk nytta dette flotte undervisningsprogrammet som mellom anna handlar om å identifisera og snakke om følelsar, samt å meistre daglege problem og støtte andre som har det vanskeleg.
9. klasse fekk ei kort orientering om tilhøva for palestinske skuleborn. Det var sterke kontrastar som vart synt gjennom bilete av enkle undervisningslokale laga av spinkle materialar med bølgeblekk til tak. Diselagregat til straum og manglande sanitærtilhøve. Likevel glade elevar som synte takksemd for at dei fekk høve til å læra ved å få gå på skule.
Me fekk også vitja SFO og fleire av elevane fekk helsa på besøket frå Jeriko. Det var spanande – og litt skummelt – å snakka engelsk.
Det var to svært nøgde gjester frå Jeriko som avslutta sitt besøk ved skulen etter skuletid i dag! Rektor fekk mykje ros og god omtale for skulen og alt dei hadde fått sjå av den flotte skulen vår gjennom dagen. Dette både av innhald og skule- og undervisningslokale. Dei synte også takksemd og stor glede over korleis skulen tok i mot dei!
Som foreldrerepresentant var det kjekt å bli invitert til besøket. Det var både spanande og lærerikt å få delta på denne dagen!
Kommenter innlegget